Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Saknet

  • Eg har ein sjukdom kjent under namnet «idioti», som gjer at humøret mitt går i takt med resultata i kampane til Sportsklubben Brann. Det er vanlegvis ei berg-og-dal-bane. No, derimot, utan fotballkampar å gle seg eller kvi seg til, jamnar humøret seg ut. Og det er det verste av alt. Som andre fotballidiotar gler eg meg til at kampane kan ta til att. Men eg har eitt håp for fotball etter korona: Meir breidde, mindre pengar.