«Som på film», «uverkeleg». Det er kjende frasar frå sjokkerte augevitnemål om katastrofar. Under koronapandemien har orda følgt skildringar av tomme storbygater og overfylte sjukehus, i det vi trudde var dei best rusta delane av verda. Det siste, at katastrofen har råka så hardt i økonomiske sentra, er kanskje det som liknar /mest/ på Hollywood-film, som er den filmforma vitna assosierer til. Jorda har jo nøgda av dagleg massedød som følgje av både menneske- og naturskapte katastrofar. Det er likevel først når verdas undergang råkar New York, Washington og Los Angeles, at det blir dommedag på kino. Eller på drive-in-kino, som historisk har vore høvelege gigantlerret for monumentale øydeleggingsfantasiar. Det er ein mangebotna ironi at denne i dobbel forstand «fossile» underhaldningsforma dukkar opp att når publikum ikkje får samlast innandørs.
Når unntakstilstanden er verst, er kvardagsheltane best.