- Sjølv om fredagspilsen er veldig innarbeidd, meiner eg måndag er den beste utepilsdagen. Saman med sundag, då. Det er dei rolegaste dagane når du berre vil sitje ved eit fortau og sjå på verda bevege seg sakte forbi. Sundagane kan ein gå på stadion i tillegg. Sist vår budde eg i Ålesund, ein by stor nok til å tilby utepils, men ikkje stor nok til å gjere det på sundagar og måndagar. Då er alt stengt. Eg fann ein måte å lure systemet på, då. Eller kanskje det var systemet som lurte meg. For på byfjellet Aksla er det ein restaurant med uteområde og ølservering. Ein må berre gå opp 418 trappetrinn, men til gjengjeld er det ei av dei beste utepilsutsiktene i landet.
Utepils
Dagboka