Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frps Sylvi Listhaug vil redde oljeselskapa med skattelette:

Kjem olja i møte

I BLÅST: Som olje- og energiminister opna Sylvi Listhaug Johan Sverdrup-feltet i januar. FOTO: CARINA JOHANSEN, NTB SCANPIX Carina Johansen

TAKK: Olja har gjort oss i stand til å takle koronakrisa, meiner Sylvi Listhaug. Difor ber ho regjeringa gje selskapa det dei bed om når næringa no er i krise.

Samstundes som koronapandemien råkar verda, har oljeprisen falle dramatisk. Ein priskrig mellom Russland og Saudi-Arabia som førebels har våpenkvile, nedgang i etterspurnaden medan alle flya står på bakken, og fulle oljelager er ingrediensane.