TAKK: Olja har gjort oss i stand til å takle koronakrisa, meiner Sylvi Listhaug. Difor ber ho regjeringa gje selskapa det dei bed om når næringa no er i krise.
Samstundes som koronapandemien råkar verda, har oljeprisen falle dramatisk. Ein priskrig mellom Russland og Saudi-Arabia som førebels har våpenkvile, nedgang i etterspurnaden medan alle flya står på bakken, og fulle oljelager er ingrediensane.