Du kan bla til neste sideBla med piltastene

AKTIVISME

Arabisk haust

DOKUMENTERTE: Mohanned Galal frå Egypt, her i Grieghallen i Bergen, vart kjend då han dokumenterte innblandingar frå hæren i demonstrasjonane under den arabiske våren, som vart gjeve ut som film i 2014. No bur han og arbeider i Sogn og Fjordane, fjernt frå demonstrasjonar og opptøyar, men med hovud og hjarte i heimlandet. Klassekampen

Den arabiske våren sende Mohanned Galal frå Kairo til Høyanger. Dataingeniøren og aktivisten vart fanga av spelet mellom stormaktene, skoten av hæren og hamna i Noreg.

Den 25. januar 2011. Det er berre å merke seg datoen, for det har Egypt gjort. Vi hugsar hendingane, om ikkje datoen, for den dagen starta opprøret mot regimet til diktatoren Hosni Mubarak. Hendinga var éi av dominobrikkene i den arabiske våren som følgde etter at den 26 år gamle tunisiske frukthandlaren Mohamed Bouazizi sette fyr på seg sjølv.