Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På 1800-talet meinte ein at hungersnaud luka ut dei late, uverdige og umoralske. Er ein slik tenkjemåte på veg attende?

Om svolt og virus

FATTIGDJEVLAR: Det var ikkje så farleg at ein million irar svalt i hel, så lenge den britiske eliten fekk store inntekter frå koloniane og kloden, skriv forfattaren. ILLUSTRASJON: JOHN REIGH, «IRELAND WRESTLES WITH FAMINE, WHILE MR. BALFOUR PLAYS GOLF» (1890)

«Nå stopper vi hjulene på norsk økonomi for å oppnå en ørliten senkning av dødsrisikoen hos allerede syke 80- og 90-åringer», skreiv Kjetil Rolness i Aftenposten 20. mars. Italienske eldre røykjer, og dei lir av mange sjukdommar, kunne han fortelje, om eit land som har same levealder som vårt eige. Langt fleire kjem til å døy av tiltaka enn av pandemien, hevda Jon Hustad i intervju i Nettavisen 22. mars.