MO I RANA: Samferdselsdepartementet gir Avinor i oppdrag å ta over den vidare prosessen med bygging av ei ny lufthamn i Mo i Rana. Avinor skal gi oppdraget prioritet. – Den nye lufthamna vil gi folk og næringsliv eit betre transporttilbod og leggje til rette for utvikling av reiseliv og anna næringsverksemd i regionen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding. Som ein del av oppfølginga av Nasjonal transportplan har Samferdselsdepartementet, for å unngå utfordringar med statsstønad- og innkjøpsregelverket og forseinkingar, bestemt at Avinor skal ta over den vidare prosessen med bygginga av lufthamna.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene