Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Noreg innanfor jordvernmålet

JORDBRUK: For tredje år på rad ligg omdisponeringa av dyrka jord under målet som Stortinget har vedteke på 4000 dekar. Dei førebelse tala frå kommunane gjennom informasjonssystemet Kostra, viser at omdisponeringa av dyrka jord var på cirka 3700 dekar i 2019, og dermed under det vedtekne jordvernmålet på maksimalt 4000 dekar som Stortinget har vedteke, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding. Tala er berre førebelse. Endelege tal kjem i juni. Samferdsel stod for den klart største delen av omdisponeringa med 37 prosent. 367 dekar dyrka jord vart ført tilbake til landbruksformål i 2019, og det er første gong det blir rapportert om dette.©NPK