Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Korleis skal kulturlivet gjeta svina sine?

Juss og sjølvjustis

Så er Harvey Weinstein dømt – til 23 års fengsel. Rettens veg var den rette vegen mot lovbrota hans. Det burde vera sjølvsagt i rettsstatar, men prosessen ville truleg vore fåfengt utan det politiske presset frå metoo. I beste fall vil den strenge dommen gjenoppretta svikne overgrepsoffer sin tillit til rettsvesenet og styrka arbeidet mot maktmisbruk i kulturlivet. Men då gjeld det å finna balansen mellom strafferett, politisk press, «næringsfridom» og systemendringar. Dei siste kontroversane kring Roman Polanski og Woody Allen viser at gamle unnlatingssynder gjer grenseoppgangane krevjande.