Store fagrørsler ut mot oljefondet

KRITIKK: To av dei største samanslutningane av fagorganiserte i verda, International Trade Union Confederation og UNI Global Union, krev at oljefondet trekker ut av selskap som tener pengar på dei ulovlege busetjingane til Israel. Statens pensjonsfond utland, betre kjent som oljefondet, hadde ved utgangen av 2018 investert 19,5 milliardar kroner i 28 av 112 selskap svartelista av FN. Dei to samanslutningane representerer til saman over 220 millionar fagorganiserte i over 150 land. Oljefondet har tidlegare opplyst at investeringane i dei svartelista selskapa er i tråd med mandatet til fondet.©NPK

Du kan bla til neste sideBla med piltastene