Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Større etterslep på vedlikehald

SAMFERDSLE: Etterslepet på vedlikehald på jernbanen ligg an til å auke kvart år til og med 2023, melder Bane Nor. Det kan føre til forseinka tog og fleire feil. – Det blir vanskeleg å halde rutetabellane. Dette kan samanliknast med å la vere å ta sørvis på bilen. Risikoen for at feil oppstår aukar, seier Bane Nor-sjef Gorm Frimannslund til Aftenposten. Å halde tritt med vedlikehaldet krev ifølgje Frimannslund 3,5 milliardar kroner i året. Sjølv då vil mange signal- og sikringsanlegg ikkje bli fornya «ut over nødvendige tiltak for å halde dei i drift». I dag har Bane Nor 2,5 milliardar kroner til vedlikehald. ©NPK