Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ferjelovnader ikkje i havn

STØTTE: Fire statsrådar heldt møte med kystfylka etter ferjeopprøret den siste tida. Det vart ingen lovnader om pengar, men statsrådane gav «positive signal». Det seier fylkesråd for samferdsel Bent-Joacim Bentzen (Sp) i Nordland. Forutan Nordland deltok Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Troms og Finnmark på møtet. Også Kommunesektorens organisasjon (KS) var på plass. Dei har gått saman med fylka i kampen for meir pengar til ferjene. – Vi har diskutert utfordringane fylka har. Regjeringa seier at dette er ei felles utfordring, og det er veldig bra, seier Bentzen etter møtet som vart halde i Samferdselsdepartementet i går. ©NPK