«Eg er den smartaste mannen de har møtt». Det seier «guruen» Bikram Choudury medan han leier sine fulle yogaklasser i ein sal på 40 grader. Elevane er av alle kjønn, men det er flest kvinner i rommet. Alle har de på seg lite klede medan dei går inn vridingar og djupe «backbends», altså at ryggen går bakover og støttes av hendene på golvet. Svitten siler, og Bikram sit på ein pidestall eller spankulerer omkring og gjer justeringar, medan han instruerer eller kommenterer kroppsfasong.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Hanne Linn Skogvang og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.