Du kan bla til neste sideBla med piltastene

To menn dømde i Dark Room-saka

FORVARING: Dommane i dei to ankesakene i Gulating lagmannsrett vart kjende onsdag. Den 49 år gamle mannen som er dømd til 19 års forvaring, vart hausten 2018 dømt til 16 års fengsel for omfattande overgrep mot born på Filippinane, i Romania og i eit afrikansk land. Dei som har utført dei fysiske overgrepa er foreldra til borna, nære omsorgspersonar og andre born. I lagmannsretten vart dommen mot han skjerpa. Sommaren 2019 vart mannen som no er dømd til 16 års forvaring, dømd til 16 års fengsel i Bergen tingrett. Statsadvokat Magne Kvamme Sylta seier i ei pressemelding at dommane sender eit viktig og sterkt signal.©NPK