Bernie Sanders ligg no best an til å bli Donald Trumps utfordrar. Målt i valkamptid er det lenge att til den demokratiske partikongressen i juli, men etter dei første nominasjonsvala har ein sjølverklært sosialist mest opposisjonspolitisk medvind i USA. Om Sanders skulle møta Trump 3. november, vil han møta ein milliardær som klarte å bli president med røystene til godt vaksne, hovudsakleg kvite, arbeidarklasseveljarar. Veljarane Hillary Clinton støytte frå seg, men som demokraten som skal slå Trump, er avhengig av å vinna.
Kor går grensa mellom kamp for politiske ideal og sjølvskot?