Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reglar for mellombelse tilsetjingar blir brotne i stor stil:

Får ikkje fast jobb

SLIT: Fleire verksemder i helsevesenet har store brot på arbeidsmiljølova for mellombelse tilsetjingar, viser ein ny rapport frå Fafo. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr/klassekampen

BROT: Mange arbeidstakarar med mellombelse kontraktar skulle vore fast tilsett, og få brot på lova blir følgde opp, viser ein rapport.

Kommunesektoren og helsevesenet er dei verste til å bryte lova, viser gjennomgangen frå forskingsstiftelsen Fafo, som vart lagd fram torsdag. Forskarane fann at 42 prosent av dei 900 verksemdene som var undersøkte, hadde moglege brot på arbeidsmiljølova for mellombelse tilsetjingar, skriv Dagens Perspektiv.