Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sportskjempa Gresvig er konkurs

G-SPORT: Styret i Gresvig Retail Group har i dag slått selskapet konkurs, men butikkane held ope. Gresvig har drive sportsbutikkar under to kjeder: G-sport/G-Max og Intersport med til saman omkring 2200 tilsette. Konkurskravet er innlevert ved Heggen og Frøland tingrett og omfattar alle kjedeeigde butikkar. 100 franchisebutikkar er ikkje omfatta. Gresvig-direktør Lars Kristian Lindberg seier at dagens butikkstruktur og kostnadene som følgjer med, ikkje lèt seg handtere. – Det blir som å ause ein båt med eit altfor stort hol i skroget, seier han. Dei siste tre åra har det vorte skote inn over éin milliard kroner i selskapet, seier styreleiar Olav Nils Sunde.©NTB