Anti-populismen
A basket of deplorables?
Når ein tanke har blitt så populær at høgrepopulistar hoppar på han, ja då synest enkelte på venstresida at det er på tide å endra standpunkt. Politiske motstandarar blir brukt som kompass: er dei mot, må me vera for. Det er noko suspekt ved eit standpunkt som ein høgrepopulist har tatt i.
På fredag gjekk Storbritannia ut av EU. Det er ein siger for demokratiet. I motsetning til i land som Frankrike og Irland, der folkefleirtalet «fekk lov til å ombestemma seg» då dei stemte «feil», vart resultatet av folkeavstemminga faktisk respektert. Men det er ikkje venstresida si forteneste. Tvert imot måtte det ein ekte høgrepopulist til for å ordna opp. Boris Johnson fekk då også ei sterk tillitserklæring ved valet.
Brexit burde vera ei grei sak å ta stilling til, men har gjort livet vanskeleg for mange som reknar seg til venstresida i Europa. Og då snakkar eg ikkje om dei sosialdemokratiske partia, som både har vore sterke tilhengarar av EU i mange år, og som ikkje kan reknast som venstreside i økonomisk politikk. Eg snakkar om parti og folk til venstre for sosialdemokratiet, som har ein tradisjon for å vera EU-kritiske. Brexit har gjort fleire av dei usikre eller meir EU-vennlege.
Gjenklangen av dette fenomenet finn me også i Noreg. EU-motstanden har vore sterk i mange år, og er eit tydeleg sentrum-venstre-prosjekt. Likevel melder tvilen seg også her: Dersom Frp er mot EU (og kanskje snart EØS), må det vel vera gode grunnar til å vera for?
«Det måtte ein ekte høgrepopulist til for å ordna opp»
Ein liknande situasjon oppstår i kraftpolitikken. Det er sterk folkeleg motstand mot å eksportera uforedla fornybar kraft ut av landet, og særleg når det fører til rasering av norsk natur. Vindkraft på land blei eit feilsteg fordi utbygginga har skjedd på nyliberalismens premiss: overkøyring av lokalsamfunn og demokrati, ingen omsyn til verdifull natur, og store gevinstar til utanlandske eigarar. Folkeopprøret har då også sterke innslag av vekst- og kapitalismekritikk. Det skulle vore ein heimesiger for venstresida og miljørørsla.
Likevel er bildet uklart. Delar av dei nemnte kreftene stiller i staden opp på vindbaronane sitt lag. Dei mistrur motiva til vindkraftmotstandarane, i staden for å gå i dialog. Frp har valt ein motsett strategi. Etter at dei gjekk ut av regjering, prøver dei å kuppa den folkelege motstanden og forma han i sitt eige bilde. For alle som kjenner Frps rulleblad, vil påstått motstand mot kraftkablar, vindkraft og EØS ha null truverd. Men det viser at dei har ein god nase for kva veg vinden blæs. Då vil det vera katastrofalt om venstresida lar seg lura til å kopiera høgrepopulistane sin versjon av kva saka handlar om, for deretter å innta det motsette standpunktet.
Kva er det som gjer at delar av venstresida snublar i desse spørsmåla? Kvifor denne motviljen mot å ta del i folkeleg motstand mot EU eller vindkraft? Eg trur ein del av forklaringa handlar om eit større problem: Behovet for å distansera seg frå arbeidarklassen. I brexit-debatten vann den urbane middelklassen maktkampen i Labour, mot arbeidarklassen i distrikta. Også her heime blir delar av EU- og vindkraftmotstanden stempla som irrasjonell og ekkelt nasjonalistisk.
Det er ikkje berre ein dum strategi dersom målet er å vinna val. Det er også uttrykk for den same folkeforakten som Hillary Clinton viste då ho kalte halvparten av Trump-veljarane for «forkastelege menneske». Det motsette av populisme er ikkje demokrati og liberale verdiar. Det motsette av populisme er elitisme.