«Det er mye myrull i salen», konstaterte Torgrim Eggen, då Klassekampen sist haust var med forfattaren på eit lanseringsarrangement for den kritikarroste biografien «Fra smokken til omnen – storyen om Axel Jensen». Ei bok om eit hippieikon skriven av ein norsk punkpioner dreg i dag stort sett AFP-publikum. Naturleg nok, sidan dette er lesargruppa som framleis har eit forhold til både Jensen og Eggen – og papirbøker.
Abid Raja vil få nye grupper til å ta Kultur-Noreg i bruk. Hurra for det!