I det herrens år 2000 opna verdas lengste biltunnel, Lærdalstunnelen, den 25 kilometer lange tunnelen frå Lærdal til Aurland i det som då var Sogn og Fjordane. Vedtaket om å byggje tunnelen kom i 1992 under dåverande samferdselsminister Kjell Opseth frå Førde og Arbeidarpartiet. Tunnelen vart finansiert på statsbudsjettet for 1994, og bygginga starta i 1995. Vedtaket kom på tale gjennom ein avtale sikra av at hestehandlar extraordinaire Kjell Opseth lova SV at Ap skulle røyste for Ringeriksbanen om SV røysta for Lærdalstunnelen. Tunnelen var ein del av å gjere E16 over Filefjell til stamveg mellom Bergen og Oslo, eitt av dei store prosjekta til Opseth.