Ein visuelt forfriskande svinesti i svart-kvitt.
(USA, 2019)
Regi: Robert Eggers
Writers: Robert Eggers, Max Eggers
Med: Willem Dafoe, Robert Pattinson, Valeriia Karaman
Lengde: 1 t. 50 min.
Ein tåkelur ular, og eit dampskip kjem ut av skodda. I baugen stirar to innbitne menn i losjakker og skyggeluer mot same mål. Når vi få sjå dei bakfrå, ragar eit fyrtårn mellom dei frå ein blankskura bergknatt i horisonten. Vi skal snart få vita at karane er på veg for å avløysa fyrvaktarane der ute, men alt før dei trør i land har den taust talande bildekomposisjonen drive ein kile mellom dei: Fyret. Det gjev eit illevarslande frampeik om kva «The Lighthouse» skal bli: eit mangetydig trekantdrama mellom to mørklagde menn og ei blendande lykt. Fyrlykta er meir enn eit bokstavleg tala opphøgd og (i karane sine fantasiar) «feminint» begjærsobjekt på ein elles maskulin utpost, der det kroppslege og nedrige dominerer arbeid og eksistens. Ein må tilbake til surrealistane for å finna ei liknande burlesk avdekking av omveltande kjønnsdrifter under rutine- og regelstyrt kvardagsslit.