Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Einvegstur til fyret

I SKUGGEN FRÅ LJOSET: Willem Dafoe og Robert Pattinson kjempar med seg sjølve om sitt eige vit og forstand og med kvarandre på liv og død i kunstskrekkfilmen «The Lighthouse». FOTO: UIP Eric Chakeen

Ein visuelt forfriskande svinesti i svart-kvitt.

(USA, 2019)

Regi: Robert Eggers

Writers: Robert Eggers, Max Eggers

Med: Willem Dafoe, Robert Pattinson, Valeriia Karaman

Lengde: 1 t. 50 min.

Ein tåkelur ular, og eit dampskip kjem ut av skodda. I baugen stirar to innbitne menn i losjakker og skyggeluer mot same mål. Når vi få sjå dei bakfrå, ragar eit fyrtårn mellom dei frå ein blankskura bergknatt i horisonten. Vi skal snart få vita at karane er på veg for å avløysa fyrvaktarane der ute, men alt før dei trør i land har den taust talande bildekomposisjonen drive ein kile mellom dei: Fyret. Det gjev eit illevarslande frampeik om kva «The Lighthouse» skal bli: eit mangetydig trekantdrama mellom to mørklagde menn og ei blendande lykt. Fyrlykta er meir enn eit bokstavleg tala opphøgd og (i karane sine fantasiar) «feminint» begjærsobjekt på ein elles maskulin utpost, der det kroppslege og nedrige dominerer arbeid og eksistens. Ein må tilbake til surrealistane for å finna ei liknande burlesk avdekking av omveltande kjønnsdrifter under rutine- og regelstyrt kvardagsslit.