Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Begeret

  • Det har ikkje vore så mykje snakk om beger som no sidan Sokrates tømte sitt fylt med gift ein vinterdag i Aten. For no er begeret til Framstegspartiet fullt. Verkeleg fullt. Like fullt som då Kristeleg folkeparti ønskte å reversere utvidinga av taxfree-kvoten i 2018. «For min del er begeret helt fullt», sa Christian Tybring-Gjedde den gongen. «Begeret er fullt for norske bilister», sa Sylvi Listhaug i fjor sommar og meinte bilistane hadde fått nok av å betale for andre ting enn vegar. «Det er et bompengeopprør på gang over hele landet! Begeret er fullt!», sa ho ein månad tidlegare. Ikkje om regjeringa, men i Oslo sa bystyrepolitikarane Carl I. Hagen og Tommy Skjervold i 2017 at «begeret er fullt og [vi] ber bystyret innføre forbud mot tigging».