Me har nyleg lagt bak oss at Gunnar Stålsett synte seg for folket, beskjeden fysisk, mektig i framferd. Hans opphavlege familienamn var eit anna – nemleg Sirkka. Det er finsk, eg meiner bestefaren kom til Finnmark på slutten av 1800-talet. I Vadsø skal det stadig stå ein bygning som heiter Sirkka-gården. Kvifor familien valde eit namn med ‘stål’, skal eg ikkje meina sterkt om, men sterkt er det. Utan samanlikning elles; det er like sterkt som Stalin. Josef Vissarionovitsj tok som kommunistisk leiar namnet ‘stålmann’.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.