Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Farvel, Sogn og Fjordane. Velkommen, Vestland.

Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, ja der bur du!

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

På denne dag, når denne teksten står på trykk, fyller eg 42 år, og har dermed levd halve livet (sånn omtrentleg statistisk sett, gjennomsnittleg levealder for kvinner i Norge, er 84,3 år). Over halvparten av dette halve livet, nærare bestemt 23 år, har eg levd utanfor Sogn og Fjordane, og eg ser det som både personleg og statistisk usannsynleg at eg kjem til å flytte heim, sjølv om eg ikkje har undersøkt kor stor prosent av kvinner som flyttar frå Sogn og Fjordane som kjem tilbake for å bygge bygda med barn. Men frå nyttår heiter det ikkje Sogn og Fjordane lenger, heretter heiter det Vestland. Kvifor skulle det eigentleg utløyse noko kjensle av tap for meg at fylket forsvinn?