Byrådets støttehjul
Fire vanskelege år ventar.
I går redda SV byrådet i Bergen. Utan budsjettavtale med SV og Senterpartiet hadde det vore over ut for eit byråd med eit tynt parlamentarisk grunnlag. Same dag presenterte Bergens Tidende ei meiningsmåling som synte at byrådspartia, med unntak av MDG, alle går attende i høve til valresultatet. For både KrF og Ap er resultatet noko av det dårlegaste som er målt for partia. Den elendige målinga kjem på toppen av eit valresultat som ikkje var stort å skryte av. Ap, KrF og Venstre, som danna fleirtalsbyråd i 2015, gjekk frå 34 av 67 plassar i bystyret til berre 17 plassar etter valet i haust. At partia fekk halde fram og styre byen, kan dei takke valresultatet til Raudt, SV og MDG for. Også må vi ikkje gløyme Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) som stal så mange røyster frå Høgre at høgresida ikkje vart eit truverdig byrådsalternativ for sentrumspartia.
Med denne målinga er situasjonen på høgresida i ferd med å normalisere seg. Høgre, som til liks med Ap ikkje kunne skryte på seg eit godt valresultat, er på veg opp og fram. Det skjer i takt med at FNB går kraftig attende. Også Frp går fram i Bergen.
Kvifor slitbyrådspartia? Under meir normale omstende skulle dei som tek på seg ansvaret med å styre etter eit val oppleve framgang i oppslutnad. Når dei ikkje gjer det, er det naturleg å sjå det i samanheng med det rotet som oppstod under forhandlingane om byrådsplattform og budsjett.
For byrådet makta først å provosere den potensielle budsjettpartnaren Sp. Dinest vart SV provosert då KrF, etter å ha vore ut av byrådsforhandlingane i eit døger, fekk vende attende medan SV måtte ut. Heller ikkje budsjettforhandlingane gjekk på skinner, med brot i forhandlingane med SV og Raudt. Etter å ha freista lukka med FNB, enda det heile med eit budsjettforlik med SV og Senterpartiet. På meiningsmålinga i BT går både Raudt og SV fram. Bakgrunnstala tyder på at Ap taper røyster til SV, noko som tør vere eit signal om kvar Aps veljararar, dei som måtte vere att, meiner partiet bør søke etter samarbeidspartnarar.
Budsjettavtalen med Sp og SV gjeld berre for i år, men kan peike fram mot ein uformell samarbeidskonstellasjon i alle høve i budsjettsaker frametter. Sjølv om SVs gruppeleiar Mikkel Grüner er tydeleg på at han ikkje har starta eit fireårig samarbeid med byrådet, er det ingen grunn til å tvile på at byrådet heller vil samarbeide med SV og Senterpartiet enn SV og Raudt. For byrådet vil det uansett vere ein fordel å sikre ryggdekning. Med berre 25 røyster i bystyret må byrådspartia vere budde på nederlag. Eit døme på det er spørsmålet om kvar Bybanen skal gå gjennom sentrum. Her er det truleg fleirtal i bystyret for å late Bybanen gå i tunnel, medan byrådet står fast på Bryggen-alternativet.
Slike saker finst det fleire av, og byrådet risikerer å skjene frå nederlag til nederlag dei komande fire åra. Får byrådet eit betre samarbeid med SV og Senterpartiet, unngår dei ikkje nederlag i bybanesaka, men kan truleg enklare manøvrere seg til fleirtal i andre vanskelege saker ved å starte med Sp og SV.
Det er ikkje sikkert det berre er bra for SV å verte støttehjul for byrådet. Med tanke på veljarane i grenseland mellom Raudt og SV, kan eit tettare samarbeid verte eit problem for SV. Dei risikerer å tape røyster til Raudt, men BT-målinga tyder ikkje på at det har skjedd enno.
Det ville uansett ha vore ein større risiko dersom SV vart med i byrådet.