Onsdag vart det kjent at Harvey Weinstein har inngått forlik med meir enn 30 av kvinnene som har skulda han for seksuell trakassering. Den tidlegare Hollywood-produsenten – som alltid strutta av sjølvtillit – såg ynkeleg gråbleik ut då han vart fotografert på veg ut frå eit rettslokale i New York 11. desember. Mannen som fleire titals kvinner har fortalt forgreip seg på dei med overlegen fysisk makt, måtte stø seg til ein gåstol for å halda seg oppe. Likevel gjekk Weinstein – endå ein gong – som sigerherre ut av kjønns- og rettskampen.
Får Harvey Weinstein kjøpa seg fri – igjen, utan å måtte vedgå noko?
Tilbakeslaget
Kommentar