Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Endrar praksis i barnevernssaker

ENDRAR: Etter at Noreg er domfelt i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i fleire barnevernssaker, skal Høgsterett trekke opp nye retningslinjer. I byrjinga av februar skal Høgsteretts storkammer behandle fire ankesaker, mellom anna ein dom om omsorgsovertaking og omfanget av samvær. Dei tre andre sakene gjeld avslag på ankebehandling i lagmannsretten. Høgsteretts avgjerd kan føre til ein ny praksis i slike saker, særleg når det gjeld samværsvilkår, ifølgje førstelagmann i Borgarting lagmannsrett, Marianne Vollan. — Eg har stor tillit til at vi vil få nye føringar som blir viktige for det vidare arbeidet vårt med desse sakene, seier ho til NTB. ©NPK