Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Senegalesisk prisvinnar vender perspektivet på flyktningkrisa.

Heimsøkt Dakar

TRASSAR PATRIARKAT OG PENGAR: Mama Bineta Sane som Ada i Cannes-prisa «Atlantics». FOTO: NETFLIX

«Atlantics» er eit prov på at vi er i ein ny, afrikansk filmrenessanse.

(Atlantique, Frankrike/Senegal, 2019)

Regi: Mati Diop.

Manus: Mati Diop, Olivier Demangel.

Med: Mame Bineta Sane, Traore, Nicole Sougou, Amadou Mbow, Aminata Kane, Babacar Sylla.

Lengde: 1 t. 46 min.

Vist på: Netflix.

Hamnebyen Dakar er forgjort av kjærleiksdraumar og korrupte mareritt i Mati Diops spelefilmdebut «Atlantics». Den fransk-senegalesiske regissøren vann fortent juryens Grand Prix i Cannes. Jamvel om Diop ikkje er eit ferdigutvikla talent, har ho eit tydeleg og personleg uttrykk som tilfører noko til både filmkunsten og samfunnsdebatten. Blant anna nyttar ho på originalt vis sjangergrep frå spøkjelsesfilm i sin kritikk av afrikanske land som støyter frå seg ungdommen sin med å låsa dei inne i forelda sosiale strukturar og låsa dei ute frå økonomisk framgang.