Heimsøkt Dakar
Senegalesisk prisvinnar vender perspektivet på flyktningkrisa.

(Atlantique, Frankrike/Senegal, 2019)
Regi: Mati Diop.
Manus: Mati Diop, Olivier Demangel.
Med: Mame Bineta Sane, Traore, Nicole Sougou, Amadou Mbow, Aminata Kane, Babacar Sylla.
Lengde: 1 t. 46 min.
Vist på: Netflix.
Hamnebyen Dakar er forgjort av kjærleiksdraumar og korrupte mareritt i Mati Diops spelefilmdebut «Atlantics». Den fransk-senegalesiske regissøren vann fortent juryens Grand Prix i Cannes. Jamvel om Diop ikkje er eit ferdigutvikla talent, har ho eit tydeleg og personleg uttrykk som tilfører noko til både filmkunsten og samfunnsdebatten. Blant anna nyttar ho på originalt vis sjangergrep frå spøkjelsesfilm i sin kritikk av afrikanske land som støyter frå seg ungdommen sin med å låsa dei inne i forelda sosiale strukturar og låsa dei ute frå økonomisk framgang.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent