Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Etikk

  • Eg er som mange andre ein medviten forbrukar. Ikkje på den måten at eg legg om kosthaldet kvar gong eg ser ein dokumentar på NRK, men på den måten at eg helst unngår varer produsert på okkupert palestinsk jord, tenkjer meg om før eg handlar kjøt frå dyr som lever under umennesk … udyrlege vilkår og synast det er greitt å vite om hotella eg bur på har tariffavtale eller ikkje.