
Toni Morrison
De andre
Litteratur
Omsett av Knut Johansen
Aschehoug, 130 sider
Toni Morrison
The Source of Self-Regard
Knopf, 368 sider
5. august i år døydde Toni Morrison, 88 år gammal, etter eit langt og produktivt liv som lærar, redaktør og forfattar. Ho debuterte først då ho var 40, men hadde då allereie gjort mykje for svarte sin posisjon i amerikansk litteratur. Som redaktør løfta ho fram nye røyster som Angela Davis og Gayl Jones, gav ut Muhammad Alis sjølvbiografi og den legendariske «The Black Book» (1974) – ein sjangerrik antologi med bitar og brotstykke frå svart kulturhistorie. Som forfattar utvida ho den amerikanske litteraturen, samstundes som ho utfordra den: Kvifor antek forfattarar, også svarte, at lesaren er kvit, spør Morrison i den nye dokumentaren «Toni Morrison: The Pieces I Am». Ho refererer til Ralph Ellisons store roman frå 1952 for å illustrere poenget: «‘Invisible Man’? Invisible to whom?»