Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Anmeldelse

Morrisons minne

Annengjøring: I Toni Morrisons skrifter blir lesaren engasjert i både sjølvransaking og samfunnsrefleksjon.

INNLEVING: Toni Morrison omtalar litteraturen som ei «kontrollert villmark». FOTO: FRANCK FIFE, AFP/NTB SCANPIX FRANCK FIFE
Litteratur

Toni Morrison

De andre

Litteratur

Omsett av Knut Johansen

Aschehoug, 130 sider

Toni Morrison

The Source of Self-Regard

Knopf, 368 sider

5. august i år døydde Toni Morrison, 88 år gammal, etter eit langt og produktivt liv som lærar, redaktør og forfattar. Ho debuterte først då ho var 40, men hadde då allereie gjort mykje for svarte sin posisjon i amerikansk litteratur. Som redaktør løfta ho fram nye røyster som Angela Davis og Gayl Jones, gav ut Muhammad Alis sjølvbiografi og den legendariske «The Black Book» (1974) – ein sjangerrik antologi med bitar og brotstykke frå svart kulturhistorie. Som forfattar utvida ho den amerikanske litteraturen, samstundes som ho utfordra den: Kvifor antek forfattarar, også svarte, at lesaren er kvit, spør Morrison i den nye dokumentaren «Toni Morrison: The Pieces I Am». Ho refererer til Ralph Ellisons store roman frå 1952 for å illustrere poenget: «‘Invisible Man’? Invisible to whom?»

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen