INGEN TRØYST: – Eg har ikkje noko sympati for politikarar som sutrar over at dei ikkje får setje opp skatten, seier statssekretær.
Som Klassekampen skreiv i går, går fleire samanslåtte kommunar på ein skattesmell i 2020. Frå 2020 har regjeringa innført 30 prosent reduksjon i verdien kommunane set på eigedom. Samstundes kan kommunane som slår seg saman ikkje setje skattesatsen heilt som dei vil medan dei harmoniserer skattane.