Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dersom ikkje rettferdssansen kjem frå Gud, må han vera medfødd.

Sivilisasjonen

APAR: Forstår meir enn me trur.

I barndomen sette eg dyr høgare enn menneske. Som elleveåring fekk eg fatt i ei lærebok i biologi, og kjensla av slektskap med alt levande blei løfta opp til kunnskap. Eg studerte nøye den handteikna illustrasjonen av slektstreet frå urcella i urhavet til alt som kan krypa og gå. Ein vaksen mann med sideskil sette energisk det eine beinet framføre det andre og vandra ut or plansjen øvst oppe til høgre.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.