Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klårvêr

  • At det regnar i Bergen, treng eg ikkje bevise. Alle veit det. Det regnar i bytter og spann, eit par tusen millimeter i året og endå litt til. Rekorden er på nær 3170 millimeter, eller tre meter, om du vil. Det året vi nesten slo rekorden, i 2003, sette Bergens Tidende (BT) opp eit høgt målebeger på framsida alt frå november for å følgje utviklinga. Det gjekk sport i det. Vi skulle ta rekorden, og vonbrotet seig over byen då det 31. desember det året vart klart at vi ikkje fekk ny rekord fordi nyåret gjekk inn med klårvêr.