I dag skal Stortinget stemme over eit representantforslag frå SV som opnar for å stanse nedlegginga av studiestadane Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen, som Nord universitet den 26. juni vedtok å legge ned. Den 30. september vart det gjennomført ei høyring i Stortinget om SV sitt forslag. Då vart komiteen grundig informert om bakgrunnen for den massive motstanden og den omfattande debatten som har reist seg i etterkant av nedleggingsvedtaket. Skal eit fleirtal på Stortinget likevel akseptere det lureriet og sviket som ligg til grunn for at Nord universitet har lagt ned Nesna og Sandnessjøen?
Korleis er det mogleg for ein statleg institusjon å dolke ein heil region i ryggen gjennom løgn og svik?