Dagboka
Gode råd
- Hadia Tajik sin rådgjevar Edina Ringdal sluttar i Ap for å byrje i ny jobb som seniorrådgjevar i NHO. Tajik hentar ny rådgjevar frå det myteomspunne rådgjevingsselskapet First House. Den nye rådgjevaren Jorid Juliussen Nordmelan er ikkje berre rådgjevar i avdelinga for politikk og samfunn i nemnde First House, ho er også vara til Stortinget. Der møtte ho tidlegare i haust, og deltok i trontaledebatten. Då Nordmelan fekk jobb i First House, varsla selskapet full openheit om kundelista hennar. Slik openheit er ikkje kvardagskost i First House, som ifølgje sine eigne nettsider «er der» når «verdier skal skapes og forvaltes. Når konkurransen øker, krisen herjer, eller omdømmet trues».
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent