Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Foreslår ny organisering av kriminalomsorgaRegionkontor kan ryka

Tilsette krev avklaring

KREV SVAR: Dette har halde på altfor lenge, seier Tor Erik Larsen (til venstre), leiar i Kriminalomsorgens Yrkesforbund. Han og regiontillitsvalt Gjert Tore Gjertsen er i møter om omorganiseringa i kriminalomsorga på Lillestrøm. Hanna Kristin Hjardar

PÅ’N IGJEN: I fem år har det herska uvisse om organiseringa av kriminalomsorga. No ligg eit nytt forslag på bordet til justisministeren.

Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) har på oppdrag frå Justisdepartementet teikna opp ei ny organisering av kriminalomsorga. Rapporten er framleis unntatt offentlegheit, men blei sendt Justisdepartementet før helga. Etter det Klassekampen forstår inneber forslaget å kutta det regionale nivået i kriminalomsorga. Det betyr slutten for fem regionkontor.