PÅ’N IGJEN: I fem år har det herska uvisse om organiseringa av kriminalomsorga. No ligg eit nytt forslag på bordet til justisministeren.
Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) har på oppdrag frå Justisdepartementet teikna opp ei ny organisering av kriminalomsorga. Rapporten er framleis unntatt offentlegheit, men blei sendt Justisdepartementet før helga. Etter det Klassekampen forstår inneber forslaget å kutta det regionale nivået i kriminalomsorga. Det betyr slutten for fem regionkontor.