Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Løke

  • Vert det for mykje sport i media? Når eg skriv dette, morgonen før brørne Ingebrigtsen og Karsten Warholm skal freiste ta gull i VM i friidrett, er det kanskje eit dumt spørsmål. Eg trur ganske mange nordmenn, også dei som normalt ikkje er så interessert i idrett, overlever nokre dagar med litt meir idrettsmerksemd enn normalt. Vi har vore godt vane med at desse fire gjer det godt i internasjonale meisterskap og er spente på korleis det går med dei i Doha.