Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nytt fartøy kan styrke Sjøforsvaret

VANGUARD: Det norske sjøforsvaret er svekt etter tapet av fregatten Helge Ingstad. No kan Sjøforsvaret bli styrkt med det nye multirollefartøyet Vanguard. Skipet vart lansert på Akershus festning i Oslo torsdag formiddag, og prosjektet er utvikla av Kongsberg Gruppen. Det er første gong Kongsberg Gruppen har utvikla eit militærfartøy. – Vanguard representerer ei dramatisk endring i marineoperasjonar. Ved å kombinere erfaringa vår frå maritim, offshore og marine sektorar, meiner vi at dette innovative systemet gir ei svært rimeleg løysing på det kystnasjonar treng, seier administrerande direktør Eirik Lie i Kongsberg Defence & Aerospace (KDA).©NPK