Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FNB-leiinga tapte saka mot FNB

RETTSSAK: Leiinga i bompengepartiet FNB ville nekte eit lokallag i Oslo å bruke namnet og logoen til partiet, men har tapt saka om eit mellombels krav hos Oslo byfutembete. Saka var oppe for retten på sjølvaste valdagen 9. september, og i går var rettsavgjerda klar. Leiinga i partiet gjekk til retten med krav om ei mellombels åtgjerd og kravde at FNB i Oslo skulle forbydast å bruke namnet og logoen til partiet, «og å gi seg ut for å vere del av partiet». Leiinga i partiet tapte saka hos byfuten, men retten slår fast at partiet må kunne krevje at laget i Oslo ikkje opptrer utetter som eit partiledd eller lokallag.©NPK