Kan Shakespeare temmast?
Gammalt nytt: Å tvinge diktaren inn i den moderne romanforma er ikkje nødvendigvis ein god idé.

Kva er det som gjer eit stykke litteratur aktuelt på tvers av tiår og hundreår? Lat no gå at akkurat dette ordet – «aktuelt» – gjev ein litt beisk smak i munnen, som ein helst vil dekke over med ord som «kvalitet» og «djupn» og «tidløyse». Saken er uansett den at for ein del skriftstykke har det ingenting å seie når dei er skrive, kva tidsepoke dei skildrar, kva slags historisk og kulturell kontekst dei kan lesast inn i. Alle desse punkta seier noko om det einskilde verket, men det seier lite om kva verket seier til oss. I samband med det panskandinaviske samarbeidet om Ibsen-omskrivingar, som vert lansert i desse dagar, har den danske forfattaren Merete Pryds Helle sagt at den norske dramatikaren «bryter illusjonen om at nåtiden er unik». Menneska streva med mykje av det same før som no, rett og slett, og ei presis diagnose av dette signert Ibsen er like mykje verdt no som då.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent