Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SYKKELBOD

Eit liv på hjul

TRÅKKAR PÅ: For Paul Olai-Olssen (med rosa hette) har livet vore ei rekke av fantastiske samantreff. No kjempar eks-C-kjendisen for tariffløn for dei Foodora-tilsette. Her testar dei streikande Foodora-boda balansen til Venstre-politikar Abid Raja på Youngstorget i Oslo. Anniken C. Mohr/ Klassekampen

Foodora-syklist og streikegeneral Paul Olai-Olssen elskar når livet køddar med han.

Året er 2016, og Paul Olai-Olssen har ein plan. Fotografen, eks-C-kjendisen og naturelskaren skal forlata alt, slik han ofte før har gjort, og setta seg på eit sykkelsete. Målet er å sykla frå Oslo til Laos i Søraust-Asia. Først skal han berre jobba inn litt pengar som sykkelbod.