Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • I dag er det ei veke til vallokala opnar, for dei som ikkje alt har førehandsstemt. Det finst ei rekke høve for å gi frå seg stemma si før valdagen. I Bergen går det til og med an å stemma på Ikea. Mens interessa for kommune- og stortingsval var like stor i 2007, har interessa for kommunevalet minka ved dei to siste lokalvala, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) si veljerundersøking frå 2015. Minst interesse er det for fylkestingspolitikken. Det kan kanskje endra seg i år, særleg i dei nye storregionane der mange er misnøgde med vedtak om samanslåing, som i det nye storfylket Viken i aust og Finnmark og Troms i nord, kan eit utfall bli at fleire enn tradisjonelt stemmer i fylkestingsvalet. Det er i kommunar med under 5000 innbyggarar at interessa for kommunepolitikken er størst, ifølge SSB.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?