- Eg har kontordag på hytta. Sit her og skriv saker til måndags- og tysdagsavisa og ser ut på ei fjord der lette krusningar på den elles mest spegelglatte vassflata vitnar om at det snart kjem litt vind. Det trengst. Klokka er 10.30, og temperaturen har alt runda 26 gradar. Om dei heitaste verprognosane slår til, set vi ny varmerekord på øya med 34 gradar.
Klimauro
Dagboka