No kjem brennmanetane!

AU: Manetane hopar seg opp langs delar av norskekysten. Med det varme vêret blir det stadig fleire av dei. Den siste tida har det vorte observert ei kraftig opphoping av brennmanetar i Oslofjorden og på Sør-Vestlandet. NRK melde nyleg at det no ligg an til å bli manetår. Viss uhellet først er ute, bør du styre unna alle kjerringråd som å skylje med eddik. I første omgang må du fjerne absolutt alle trådar på huda. Så skyljer du med saltvatn og etter det med varmt vatn. ©NPK

Du kan bla til neste sideBla med piltastene