Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KVARDAG

Livsfylde

KNUT LØVÅS

Kanskje ein ikkje skal jakte på lykka, men heller trena seg opp i kunsten å finne glede i dei enkle ting.

Tradisjonelt har psykologien og psykiatrien vore relativt lite oppteken av gledene, av kva som gjer livet rikt og godt, kva som gir det fylde – som er eit ord eg er glad i. George Vaillant, professor i psykiatri ved Harvard har illustrert dette ved å visa til boka «Comprehensive Textbook of Psychiatry», som er sjølve «bibelen» når det gjeld psykiatri og klinisk psykologi. Der finn du tusenvis av linjer om angst, depresjon, og hundrevis av linjer om skam, skyld, sinne og frykt. Men berre nokre ganske få linjer om håp, ei linje om glede, og ikkje ei einaste linje om medkjensle, tilgjeving eller kjærleik.